Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2016

Lappar

Bilde
Gode, gammaldagse lappar til kaffien, slik farmor laga dei. Smakar godt med syltetøy og rømme, smør og brunost eller smør og sukker. Denne porsjonen er diger - ofte lagar eg halv porsjon, og brukar då 3 egg. Lappane er best nysteikte, men glir fint ned neste dag òg. Ellers går det faktisk an å fryse dei. Ingrediensar: 5 egg 3 dl sukker 3 ts natron 2 ts vaniljesukker 300 g smelta smør 1 l kefir mjøl til passe røre (ca 9 dl) Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland inn kefir og smør. Rør i dei turre ingrediensane. NB! Mjølmengda må tilpassast. Du skal ha i nok til at røra vert som tjukk vaffelrøre. Lat røra svelle i 30 min. Det er litt seigt å steike alle desse lappane i steikepanne, men det går an! Er du velsigna med ei takke, er jobben fort gjort. I ei steikepanne er det plass til 3 lappar. Når dei byrjar å stivne på toppen, samt at det dannar seg små "luftrør", kan du snu dei. Steik eit minutt eller to på neste side.