Lappar
Gode, gammaldagse lappar til kaffien, slik farmor laga dei. Smakar godt med syltetøy og rømme, smør og brunost eller smør og sukker. Denne porsjonen er diger - ofte lagar eg halv porsjon, og brukar då 3 egg. Lappane er best nysteikte, men glir fint ned neste dag òg. Ellers går det faktisk an å fryse dei.
Ingrediensar:
5 egg
3 dl sukker
3 ts natron
2 ts vaniljesukker
300 g smelta smør
1 l kefir
mjøl til passe røre (ca 9 dl)
Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland inn kefir og smør. Rør i dei turre ingrediensane. NB! Mjølmengda må tilpassast. Du skal ha i nok til at røra vert som tjukk vaffelrøre.
Lat røra svelle i 30 min.
Det er litt seigt å steike alle desse lappane i steikepanne, men det går an! Er du velsigna med ei takke, er jobben fort gjort. I ei steikepanne er det plass til 3 lappar. Når dei byrjar å stivne på toppen, samt at det dannar seg små "luftrør", kan du snu dei. Steik eit minutt eller to på neste side.
Kommentarer
Legg inn en kommentar