Lettvinte wienerbrød

Dette er god, gammaldags kaffimat. Smakar best ferske.


Ca 10 stk.

200 g kveitemjøl
120 g smør
1 ss sukker
1 ts vaniljesukker
50 g gjær
1 egg
1 dl lunka vatn

Smuldre smøret i mjølet til grynet masse. Bland i sukker og vaniljesukker.
Bland inn egg og løys gjæren opp i lunka vatn. Bland lett saman til ein deig.
Set på bakepapirkledd plate med to spiseskeier. Hev minst 1 time.

Steik på 250 grader 12 - 15 min. Avkjøl på rist.

Lag melisglasur av melis og vatn. Smør på dei avkjølte wienerbrøda.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Nordlandslefser

Sjokolademakroner