Ostekake
Denne kaka er fast inventar kvar gong nokon i min familie har bursdag - eller viss ein har lyst på noko godt til helga. Lettvint kake utan steiking.
Botn:
200 g Digestive-kjeks
150 g smelta smør
Knus kjeksa og bland i smøret. Fordel massen i ei bakepapirkledd springform - eller i Porsgrunds bake it easy-fat. Set forma i kjøleskåpet.
Fyll:
1 pk sitrongele - bland med 2,5 dl vatn. Kok opp og avkjøl.
1 pk kremfløyte - stivpiskast
1 pk gourmetost med fruktsmak
1 beger lettrømme
100 g melis
1 ts vaniljesukker
Bland alle ingrediensane med miksar. NB! Ha i geleen til slutt.
Hell fyllet oppå botnen.
Avkjøl minst 2 timar før servering.
Pynt med druer, mandarinbåtar, kiwi eller appelsin.
Kommentarer
Legg inn en kommentar