Sjokoladekake


Deilig sjokoladekake til bursdag, høgtid eller når du vil ha noko ekstra godt til helgekaffien.

Botn:

300 g smør
150 g sukker
2 egg
1/2 plate kokesjokolade
2 dl mjølk
300 g kveitemjøl
3 ts bakepulver

Rør smør og sukker kvitt. 
Tilset eit egg om gongen og rør godt. 
Smelt sjokoladen i mjølka, og tilset vekselvis med det turre.
Steik ved 180 grader ca 45 min.
Avkjøl.

Krem:

1 butt kremfløyte
1 plate kokesjokolade

Varm opp fløyten til kokepunktet og smelt sjokoladen i. Set til avkjøling i kjøleskap minst 2 timar. 
Visp sjokoladeblandinga til luftig krem. 

Del kaka i 2 eller 3. Fyll den med eit tynt lag av kremen, og ha resten oppå kaka.

Pynt som du vil, med strøssel, marsipanegg, raspa sjokolade, nissefigurar - alt etter sesong og kva du har i skåpet.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Nordlandslefser

Lettvinte wienerbrød

Sjokolademakroner