Suksessterte

Dette er vel påskekaka med stor P! Fin og gul og kjempegod.

Botn:

6 eggekviter
250 g melis
250 g malte mandlar

Visp eggekvitene stive. Tilset litt og litt av melisen, slik at du får ein blank marengs. Vend forsiktig i mandlane. Ha i ei smurt form, 24 cm, og steik ved 180 grader i ca 30 minutt. Avkjøl i forma.


Krem:


6 eggeplommar



1 dl kremfløyte
2 dl sukker
1,5 ts vaniljesukker
150 g romtemperert meierismør

Varm eggeplommar, fløyte, sukker og vaniljesukker på middels varme, medan du rører heile tida. Når kremen kokar, ta den av varmen og visp kraftig med stålvisp i eit halvt minutt. Hell blandinga i ei skål, dekk den med plastfolie og avkjøl i kjøleskåpet minst 2-3 timar.


Pisk smøret kvitt med håndmiksar. Hell den kalde eggeblandinga i smøret og pisk saman til glatt og mjuk krem.


Del kaka i to, og fyll den med eit tynt lag av kremen. Resten av kremen fordeler du over kaka. Her kan du bruke fantasien, og ein sprøytepose, og lage rosettar om du vil. Kaka kan også pyntast med rista mandelflak, små marsipanegg eller riven sjokolade.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Nordlandslefser

Lettvinte wienerbrød

Sjokolademakroner