Nordlandslefser

Ingenting slet favoritten frå barndommen når det gjeld kaffimat! Lefsene er best med smør og sukker på, men dersom du heller vil ha brunost på, går det også fint.

2 koppar kefir
1 kopp sukker
1 kopp smelta margarin
1 kopp smelta sirup (lys)
1 ss natron
kveitemjøl til passe deig

Elt saman til deig. Del deigen i passe emner. Kjevl ut til ca 5 mm tjukke leivar. Stikk ut runde lefser med eit lok. Steik lefsene i turr steikepanne, eventuelt på takke.

Pass på at det ikkje vert liggande mjøl i panna/på takka. Det vil fort bli brend, og då får lefsene smak av det.

Lefsene er veleigna til frysing.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lettvinte wienerbrød

Sjokolademakroner