Innlegg

Viser innlegg fra april, 2016

Kyllingburger

Bilde
I dag vart det kyllingburger til laurdagsmiddag - litt sunnare alternativ til "den vanlege" burgeren. Eg prøvde meg òg på søtpotetfries, men dei vart ikkje akkurat crispy.... Må nok prøve ut ulike teknikkar før dei vert skikkeleg gode, derfor ingen oppskrift på det i dag. Men, burgeren vart i alle fall god :-) 400 g kyllingkjøtdeig 1/2 raudløk 1/2 dl vatn 1 egg 1/2 ts salt 1/4 ts pepar Bland alle ingrediensane saman, form til burgere, og steik ca. 3-4 minutt på kvar side. Server med hamburgerbrød, salat og andre grønsaker etter ynskje (f.eks. tomat, løk, agurk, paprika...), eventuelt litt ost og dressing. For å gjere det heile endå litt mindre feitt, bruk mager cottage cheese i staden for dressing.

Chili con carne

Bilde
God og varmande chiligryte. Server med brød, nachochips og ein rømmeklatt. 1 kg kjøtdeig 1 finhakka løk 1 raud paprika i terningar 1 grøn paprika i terningar 2 fedd finhakka kvitløk 1 raud chili, finhakka 2 - 3 ts tomatpure 1 1/2 ts chilipulver 1 ts spisskummen 1 boks hermetiske tomater 2 boksar chilibønner litt vatn salt og pepar Brun kjøtdeigen i omgangar og ha den i ei gryte. Fres løk, kvitløk, chili og paprika i litt smør. Ha i gryta. Tilset krydder, hermetiske tomater, tomatpure og litt vatn. La koke til paprikaen er mør. Tilset til slutt chilibønnene (med væska), og la dei bli varme. Server! Tips: dersom du har ungar i heimen, er dei ikkje alltid så glade i "klumpar". Då kan du mose løk, kvitløk, paprika og hermetiske tomater med stavmiksar.

Lettvintpai

Bilde
Denne paien, eller kaka, er ei kjapp og lettvint løysing dersom du vil servere noko godt til kaffien, anten det er bursdag, søndag eller kvardag. Ingen steiking. Botn: 75 g smør 3 dl havregryn 1/2 dl sukker ein liten neve hakka valnøtter Smelt smøret i ei steikepanne, og tilset dei andre ingrediensane. Rist på middels varme til sukkeret har løyst seg opp. Hell blandinga i ei paiform, og trykk den jamnt utover. Lat stivne i kjøleskap. Krem / fyll: 1 butt kremfløyte 3 dl melis 150 g Philadelphia kremost naturell Pisk krem av fløyte og melis. Tilset kremosten, og miks godt saman. Fordel ostekremen over botnen. Pynt med bær, t.d. bringebær eller blåbær.