Lettvintpai


Denne paien, eller kaka, er ei kjapp og lettvint løysing dersom du vil servere noko godt til kaffien, anten det er bursdag, søndag eller kvardag. Ingen steiking.

Botn:

75 g smør
3 dl havregryn
1/2 dl sukker
ein liten neve hakka valnøtter

Smelt smøret i ei steikepanne, og tilset dei andre ingrediensane. Rist på middels varme til sukkeret har løyst seg opp. Hell blandinga i ei paiform, og trykk den jamnt utover. Lat stivne i kjøleskap.

Krem / fyll:

1 butt kremfløyte
3 dl melis
150 g Philadelphia kremost naturell

Pisk krem av fløyte og melis. Tilset kremosten, og miks godt saman.

Fordel ostekremen over botnen. Pynt med bær, t.d. bringebær eller blåbær.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Nordlandslefser

Lettvinte wienerbrød

Sjokolademakroner