Chili con carne


God og varmande chiligryte. Server med brød, nachochips og ein rømmeklatt.

1 kg kjøtdeig
1 finhakka løk
1 raud paprika i terningar
1 grøn paprika i terningar
2 fedd finhakka kvitløk
1 raud chili, finhakka
2 - 3 ts tomatpure
1 1/2 ts chilipulver
1 ts spisskummen
1 boks hermetiske tomater
2 boksar chilibønner
litt vatn
salt og pepar

Brun kjøtdeigen i omgangar og ha den i ei gryte.
Fres løk, kvitløk, chili og paprika i litt smør. Ha i gryta.
Tilset krydder, hermetiske tomater, tomatpure og litt vatn.
La koke til paprikaen er mør.
Tilset til slutt chilibønnene (med væska), og la dei bli varme.

Server!

Tips: dersom du har ungar i heimen, er dei ikkje alltid så glade i "klumpar". Då kan du mose løk, kvitløk, paprika og hermetiske tomater med stavmiksar.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Nordlandslefser

Lettvinte wienerbrød

Sjokolademakroner