Innlegg

Rundstykker

Bilde
Kva er vel betre enn nysteikte rundstykker? Gode med all slags pålegg, fine å fryse og ekstra god nistemat. 7 dl vatn 1 pk tørrgjær 500 g kveitemjøl 500 g grov sammalen kveite 2 ts salt 3 ts sukker 5 ss smelta smør 1 ss luftigere bakst Vatn til pensling. Eventuelt valmuefrø eller sesamfrø til topping. Elt ingrediensane i kjøkenmaskin ca 8 min. Tilset saltet mot slutten.  Hev deigen under plast ca 30 min. Del deigen i 25 emner, og trill rundstykke. Set på bakepapirkledde plater. Etterhev ca 30 min. Pensle med vatn og strø på frø.  Steik ved 225 grader ca 12 min.

Ostekake

Bilde
Denne kaka er fast inventar kvar gong nokon i min familie har bursdag - eller viss ein har lyst på noko godt til helga. Lettvint kake utan steiking. Botn: 200 g Digestive-kjeks 150 g smelta smør Knus kjeksa og bland i smøret. Fordel massen i ei bakepapirkledd springform - eller i Porsgrunds bake it easy-fat. Set forma i kjøleskåpet. Fyll: 1 pk sitrongele - bland med 2,5 dl vatn. Kok opp og avkjøl. 1 pk kremfløyte - stivpiskast 1 pk gourmetost med fruktsmak 1 beger lettrømme 100 g melis 1 ts vaniljesukker Bland alle ingrediensane med miksar. NB! Ha i geleen til slutt. Hell fyllet oppå botnen. Avkjøl minst 2 timar før servering.  Pynt med druer, mandarinbåtar, kiwi eller appelsin.

Sjokoladekake

Bilde
Deilig sjokoladekake til bursdag, høgtid eller når du vil ha noko ekstra godt til helgekaffien. Botn: 300 g smør 150 g sukker 2 egg 1/2 plate kokesjokolade 2 dl mjølk 300 g kveitemjøl 3 ts bakepulver Rør smør og sukker kvitt.  Tilset eit egg om gongen og rør godt.  Smelt sjokoladen i mjølka, og tilset vekselvis med det turre. Steik ved 180 grader ca 45 min. Avkjøl. Krem: 1 butt kremfløyte 1 plate kokesjokolade Varm opp fløyten til kokepunktet og smelt sjokoladen i. Set til avkjøling i kjøleskap minst 2 timar.  Visp sjokoladeblandinga til luftig krem.  Del kaka i 2 eller 3. Fyll den med eit tynt lag av kremen, og ha resten oppå kaka. Pynt som du vil, med strøssel, marsipanegg, raspa sjokolade, nissefigurar - alt etter sesong og kva du har i skåpet.

Nordlandslefser

Bilde
Ingenting slet favoritten frå barndommen når det gjeld kaffimat! Lefsene er best med smør og sukker på, men dersom du heller vil ha brunost på, går det også fint. 2 koppar kefir 1 kopp sukker 1 kopp smelta margarin 1 kopp smelta sirup (lys) 1 ss natron kveitemjøl til passe deig Elt saman til deig. Del deigen i passe emner. Kjevl ut til ca 5 mm tjukke leivar. Stikk ut runde lefser med eit lok. Steik lefsene i turr steikepanne, eventuelt på takke. Pass på at det ikkje vert liggande mjøl i panna/på takka. Det vil fort bli brend, og då får lefsene smak av det. Lefsene er veleigna til frysing.

Lettvinte wienerbrød

Bilde
Dette er god, gammaldags kaffimat. Smakar best ferske. Ca 10 stk. 200 g kveitemjøl 120 g smør 1 ss sukker 1 ts vaniljesukker 50 g gjær 1 egg 1 dl lunka vatn Smuldre smøret i mjølet til grynet masse. Bland i sukker og vaniljesukker. Bland inn egg og løys gjæren opp i lunka vatn. Bland lett saman til ein deig. Set på bakepapirkledd plate med to spiseskeier. Hev minst 1 time. Steik på 250 grader 12 - 15 min. Avkjøl på rist. Lag melisglasur av melis og vatn. Smør på dei avkjølte wienerbrøda.

Suksessterte

Bilde
Dette er vel påskekaka med stor P! Fin og gul og kjempegod. Botn: 6 eggekviter 250 g melis 250 g malte mandlar Visp eggekvitene stive. Tilset litt og litt av melisen, slik at du får ein blank marengs. Vend forsiktig i mandlane. Ha i ei smurt form, 24 cm, og steik ved 180 grader i ca 30 minutt. Avkjøl i forma. Krem: 6 eggeplommar 1 dl kremfløyte 2 dl sukker 1,5 ts vaniljesukker 150 g romtemperert meierismør Varm eggeplommar, fløyte, sukker og vaniljesukker på middels varme, medan du rører heile tida. Når kremen kokar, ta den av varmen og visp kraftig med stålvisp i eit halvt minutt. Hell blandinga i ei skål, dekk den med plastfolie og avkjøl i kjøleskåpet minst 2-3 timar. Pisk smøret kvitt med håndmiksar. Hell den kalde eggeblandinga i smøret og pisk saman til glatt og mjuk krem. Del kaka i to, og fyll den med eit tynt lag av kremen. Resten av kremen fordeler du over kaka. Her kan du bruke fantasien, og ein sprøytepose, og lage rosettar om du vil. Kaka kan og...

Sjokolademakroner

Bilde
250 g mandlar 100 g kokesjokolade 4 eggekviter 200 g sukker Mal mandlane og riv sjokoladen. Stivpisk eggekvitene saman med sukkeret, og vend i det øvrige. Legg på bakepapirkledd steikeplate med teskeier. Tørk makronene ved 150 grader i 15 min.