Beef Bourguignon
Denne franskinspirerte gryta var eg så modig at eg laga for fyrste gong då eg hadde rund dag og hadde invitert til middagsselskap! Vellukka vart den, og sidan har eg laga den mange gonger. Gryta passar best vinterstid, kanskje som søndagsmiddag? Sjølv om den krev at du legg litt tid i å førebu den, passar den seg sjølv når du først har fått oppi alt. Den vert ekstra god dersom den får putre leeenge. Aller best er den faktisk dagen etter! Oppskrifta rekk til 6 personar.
1,6 kg storfekjøt i terningar(gjerne mørbrad)
1 finhakka kinesisk kvitløk
2 ss provencekrydder
2 laurbærblad
150 g tomatpuré
1 flaske kalvefond
4,5 dl vatn
1/2 flaske raudvin
8-10 sjalottlauk delt i to
5 gulrøtter i stavar
1/2 sellerirot i stavar
Salt og pepar
Brun kjøtet i fleire omgangar, og legg det i ei gryte.
Tilset alle dei andre ingrediensane, unntatt gulrøtter og sellerirot.
Kok opp og la det putra 30 minutt, gjerne mykje lenger.
Tilset grønsakene og kok vidare til dei er møre.
Smak til, og server.
Ekstra godt vert det med heimelaga potetstappe ved sidan av.
Kommentarer
Legg inn en kommentar