Innlegg

Pastasalat

Bilde
Lett og god middag for dagar der du ikkje orkar å legga sjela di i matlaging :-) Eller ein perfekt rett for jenteklubben. 5 dl pastaskruer 1 beger rømme litt majones 1 raud paprika 1/2 løk ein pakke smårettskinke salt og pepar Kok pasta som anvist på pakken. Avkjøl. Kutt opp løk og paprika. Lag dressing av rømme, majones, salt og pepar. Bland alle ingrediensane saman. Ferdig! Server med brød eller rundstykker.  Du kan byte ut skinke med anna kjøt, t.d. kylling.

Beef Bourguignon

Bilde
Denne franskinspirerte gryta var eg så modig at eg laga for fyrste gong då eg hadde rund dag og hadde invitert til middagsselskap! Vellukka vart den, og sidan har eg laga den mange gonger. Gryta passar best vinterstid, kanskje som søndagsmiddag? Sjølv om den krev at du legg litt tid i å førebu den, passar den seg sjølv når du først har fått oppi alt. Den vert ekstra god dersom den får putre leeenge. Aller best er den faktisk dagen etter! Oppskrifta rekk til 6 personar. 1,6 kg storfekjøt i terningar(gjerne mørbrad) 1 finhakka kinesisk kvitløk 2 ss provencekrydder 2 laurbærblad 150 g tomatpuré 1 flaske kalvefond 4,5 dl vatn 1/2 flaske raudvin 8-10 sjalottlauk delt i to 5 gulrøtter i stavar 1/2 sellerirot i stavar Salt og pepar Brun kjøtet i fleire omgangar, og legg det i ei gryte.  Tilset alle dei andre ingrediensane, unntatt gulrøtter og sellerirot.  Kok opp og la det putra 30 minutt, gjerne mykje lenger. Tilset grønsakene og kok vidare til dei er møre....

Peanøttkake

Bilde
Kjært barn har mange namn - nokre kallar denne for Snickerskake. Den er veldig søt, nesten som konfekt å rekne, og krev ein sterk kopp kaffi attåt. Både vaksne og ungar elskar den! Spesielt sjokoladekremen er uimotståeleg....   Kakebotn: 3 eggekviter 3 dl sukker 2,5 dl peanøtter 20 Ritzkjeks Pisk eggekviter og sukker til stiv marengs. Knus peanøtter og kjeks. Vend smulane forsiktig inn i marengsen. Steik i ei rund, godt smurt, form, ca 24 cm, nederste rille.  175 grader, ca 30 minutt. Sjokoladekrem: 60 g margarin 100 g kokesjokolade 2 ts kaffi 3 eggeplommar 3 ss sukker Smelt margarin og sjokolade saman med kaffi. Pisk eggedosis av eggeplommar og sukker. Bland alt saman. Avkjøl heilt i kjøleskap. Det er viktig at kremen har riktig "smørekonsistens" før du brer den over kaka, ellers renn den av. Pynt: 3 dl kremfløyte 3 ts sukker Pisk krem. Legg den over sjokoladekremen. Pynt gjerne med nokre knuste peanøtter.

Bollar

Bilde
Desse bollane er fantastisk gode! Dei kan fyllast med det du måtte ynskje, t.d. vaniljekrem, marsipan, syltetøy, sjokoladebitar. Eller du kan tilsetje rosiner. Eller du kan late vere å ha noko i dei, og nyte dei med smør og brunost eller syltetøy på. Eller du kan lage kanelbollar av dei. I alle variantar eignar dei seg godt til frysing - viss dei ikkje vert oppetne med ein gong! Ingrediensar: 200 g smør 7 dl mjølk 75 g tørrgjær 2 dl sukker 2 ts kardemomme 1 ts hornsalt ca 16 dl kveitemjøl Smelt smøret. Bland i mjølka og varm til fingervarmt. Bland dei tørre ingrediensane i bakebollen, og rør saman. Tilset væska. Elt godt i kjøkenmaskin. Deigen vert gjerne litt laus. Vert den for laus, ha i litt meir mjøl. Hev deigen 1 time. Del i passande bolleemne. Etterhev ca 30 minutt. Pensle bollane med samanvispa egg. Steik ved 200 grader, ca 12 minutt. Avkjøl på rist.

Pavlova

Bilde
Ein stor hit her i huset. Denne kaka vert alltid oppeten! Du treng: 4 eggekviter 1/4 ts salt 250 g sukker 2 ts maizena 1 ts kvitvinseddik Slik gjer du: Forvarm steikeomnen til 120 grader. Pisk eggekvitene sakte med saltet til dei dannar mjukt skum. Skru opp hastigheita til boblene i skummet er små og jamne. Når skummet dannar små toppar, tilset sukker, litt om gongen. Pisk til blandinga er mjuk og blank og alt sukkeret er oppløyst. Ikkje visp for lenge. Sikt i maizena, og bland eddik i marengsen.  Teikn opp ein sirkel på bakepapir, 24 - 26 cm. Form marengsen til ei kake i sirkelen. Steik kaka i minst 1 1/2 time nederst i omnen. Skru av varmen og la kaka avkjølast i omnen med døra på gløtt, gjerne over natta. Pynt (rett før den skal etast, ellers vert marengsen lett blaut) med ei blanding av krem og vaniljekrem, samt frisk frukt og bær.

Verdas beste vafler

Bilde
Eg har leita lenge etter den perfekte vaffeloppskrifta. Endeleg fann eg ho! Du treng:  4 dl mjølk  2 dl lettrømme 4 egg 6 dl kveitemjøl 1 ss vaniljesukker 1 dl sukker 1 ts salt 1 ts kardemomme Bland alt saman med miksar, og lat røra svelle i minst 30 minutt.  Når du er klar for steiking, smelt 100 g meierismør og tilset i røra. Steik passe lenge. Avkjøl på rist.  Kjempegode med syltetøy og rømme, smør og sukker eller smør og brunost. Heilt nødvendig med god kaffi attåt!