I dag vart det kyllingburger til laurdagsmiddag - litt sunnare alternativ til "den vanlege" burgeren. Eg prøvde meg òg på søtpotetfries, men dei vart ikkje akkurat crispy.... Må nok prøve ut ulike teknikkar før dei vert skikkeleg gode, derfor ingen oppskrift på det i dag. Men, burgeren vart i alle fall god :-) 400 g kyllingkjøtdeig 1/2 raudløk 1/2 dl vatn 1 egg 1/2 ts salt 1/4 ts pepar Bland alle ingrediensane saman, form til burgere, og steik ca. 3-4 minutt på kvar side. Server med hamburgerbrød, salat og andre grønsaker etter ynskje (f.eks. tomat, løk, agurk, paprika...), eventuelt litt ost og dressing. For å gjere det heile endå litt mindre feitt, bruk mager cottage cheese i staden for dressing.